Språkdyrking med omtanke
Ordgartnaren dyrkar språk …
Språk er ein fantastisk reiskap og mangfaldig kultur. Det er system, tanke og kunst. Det kan forenklast, forvanskast, utviklast, vanrøktast og foredlast. Og alle tekstar er noko for seg. Derfor er språk og tekst ei glede å arbeide med. Språkgartnaren tek hand om tekstar med hjarteleg engasjement og profesjonell kompetanse; luker og plantar om der det trengst, alltid med tanke for meininga som skal fram.
… med omtanke
Omtanken gjeld lesarane, som skal få med seg innhaldet i teksten. Han gjeld like mykje språket sjølv, som ikkje berre er ein personleg reiskap for den som skal ha ytra noko, men som også er eit felleseige i kulturen vår. I arbeidet med andre sine tekstar er i tillegg omtanken for forfattaren viktig. Konsulentkommentarane skal vere forståelege og konkrete, slik at dei er til hjelp, og slik at forfattaren får grunnlag for å vurdere om han eller ho vil følgje dei.
Eg ser forholdet mellom forfattar og språkkonsulent, og eventuelt redaktør, som eit samarbeid for teksten og lesarane om det forfattaren vil ha fram.